Utfordringar  

 

Stadig aukande tal av born

Borna kjem seg berre ut frå barneheimen på tre måtar. At foreldra eller andre familiemedlemmer overtek ansvaret, adopsjon og til sist at barnet vert 18 år og kan klara seg sjølv.

 

Funksjonshemming

Mange av barna (per i dag 3) lir av ein eller anna form for funksjonshemming. Dette fører til at desse borna aldri vil verta i stand til å ta vare på seg sjølv, og difor aldri vil forlata barneheimen.     

 

Korrupsjon

Det er viktig for oss å poengtere at TCCC til ei kvar tid vurderer og prøver å ta høgde for korrupsjonsproblemet som framleis eksisterer i det afrikanske samfunnet. Til dømes går ikkje driftsmidlane gjennom noko avansert system før det når fram. Midlane vert satt direkte over til driftsansvarleg kvar månad, og denne personen er eine og aleine ansvarleg ovanfor TCCC.