Langsiktig tenkning, steg for steg.

 

Barneheimen Toro Babies Home ligg i byen Fort Portal i den sørvestlege delen av Uganda, om lag fire timars kjøyring frå hovudstaden Kampala.

Barneheimen vart bygd i 1970, og var eit samarbeid mellom den lokale kyrkja og gode hjelparar frå Uganda og Noreg. Ein av desse var Eli Røder frå Bergen, som på den tida jobba i Fredskorpset.

Då Amin kom til makta, vart utlendingane jaga ut, mellom dei Eli, men ho klarte å halde kontakten med Fort Portal, og slutta aldri å uroe seg over lagnaden til barna og dei tilsette ved barneheimen.

Frå 1980-talet og utetter har ulike organisasjonar vore inne og drive barneheimen, med vekslande hell.

Tilfellet ville at Gerda Rongevær frå Stord vart kjend med Eli Røder, og måtte love at dersom ho nokon gong reiste til Uganda, måtte ho vitje Toro Babies Home.

 

For seks år sidan vart Gerda invitert til eit bryllaup i Uganda og Fort Portal, og ho nytta høvet til å oppsøke barneheimen som Eli uroa seg slik for.

Tilhøva var elendige. Barn og tilsette leid, og det verka som om heimen skulle gå i oppløysing. Møtet vart ei sterk oppleving for Gerda, og ho måtte gå mange rundar med seg sjølv før ho bestemte seg for å gjere ein innsats for heimen.

 

Gradvis har tilhøva betra seg. Det har vore nødvendig å skifte ut både tilsette og styremedlemmer. Etter nokre år med grunnarbeid, overtok Gerda for tre år sidan det formelle ansvaret for Toro Child Care Centre, som organisasjonen heiter. Det vart skrive ein kontrakt som skulle gjelde for tre år.

Sakte, men sikkert har det meldt seg ei trufast gruppe av faste gjevarar i Noreg. Organisasjonane i Uganda og Noreg jobbar godt, og tilhøva på barneheimen har etter kvart vorte svært så gode.

I fjor sommar hadde Gerda og eg ein prat med ei av dei tilsette mødrene som har vore med i heile denne prosessen. Ho kom inn på tilhøva slik dei var då Gerda var der første gongen. Dei såg ikkje for seg andre utvegar enn å sende barna tilbake til ein uviss lagnad, og for mange av dei var der ingen stad å sende dei. Så ho prisa seg svært lykkeleg over det som sidan hadde skjedd.

For min eigen del kan eg og sjå svært positive framsteg sidan den første turen min for tre år sidan. Hygiene og fasilitetar for både barn og tilsette er betra mykje, og det er glade menneske som møter oss når vi kjem.

Samtidig har talet på barn auka kraftig, og dermed behovet for gode støttespelarar. Det siste året har ein del av barna vorte tilbakeførte til familiane sine, noko som er i tråd med føreskriftene. Desse vil følgjast opp jamnleg. Men svært mange har ingen familie, nokre har heller ingen historie å vise til. Dei er funne etterlatne og bragt til barneheimen av politiet. Dei to siste dagane før eg reiste heim nyleg, tok heimen imot tre nye barn, to av dei utan nokon familiebakgrunn, og berre ein eller to dagar gamle.

Så sjølv om heimplasseinga går sin gang for ein del av barna, er behovet enormt. Det at baneheimen har opparbeidd seg eit godt rykte, gjer og sitt til at pågangen vert ekstra stor.

 

Barneheimen eig også to landbrukseigedommar, Kagote og Kasiisi. Så sjølv om organisasjonen i Noreg står for drifta av heimen, er all fysisk eigedom lokalt eigd.

På den eine av desse to eigedommane har vi nokre kyr i tilleg til grønnsakdyrking. Den andre er

nyleg opparbeidd, og hausta sine første avlingar no i sommar, noko som på sikt vil gje eit godt tilskott til matbudsjettet.

 

På sikt er det planar om å byggje permanente bustader på Kasiisi, i første rekkje for barna som er i skulealder. Dette for å gje dei eit meir naturleg oppvekstmiljø, og for å gradvis late dei ta del i praktiske gjeremål på ein gard.

På barneheimen er barna innanfor murane utanom skuletida, av reine tryggleikshensyn. Kidnapping er ikkje uvanleg, og avisene fortel jamnleg om barn som vert selde som arbeids- og sexslavar, ja til og med ofra i religiøse seremoniar.

På Kasiisi kan dei leve eit ”normalt” liv, som ein del av den sosiale fellesskapen på staden. Der ligg og ein skule ikkje mange minutt unna.

 

Ei særleg utsett gruppe i Uganda er dei funksjonshemma. Foreldre som får barn med funksjonshemmingar, ser ofte dette som ei straff frå Gud, og barna vert gjerne avviste og sett ut for å døy. Er dei heldige, vert dei funne og levert til politiet, og det er ikkje uvanleg at kyrkjene tek ansvaret for dei. Barneheimen har i dag fire funksjonshemma barn, og det er sannsynleg at dette talet vil auke. Desse fire er både fysisk og psykisk funksjonshemma, og så lenge dei lever vil barneheimen vere heimen deira. Det vil aldri vere muleg å sende dei tilbake til ein eventuell familie. Også for desse ser vi for oss Kasiisi som ein framtidig heim.

Så i tillegg til å sikre den daglege drifta av Toro Babies Home, er bygginga av permanente bustader den neste store utfordringa. For å gå i gang med dette prosjektet, treng vi nærare 2 mill. kroner.

Som sagt, mykje er gjort, men mykje gjenstår.

 

Vi vil rette ei stor takk frå alle i Uganda og Noreg til dei som har gjort det umulege muleg, ja for det er uverkeleg det som har skjedd i løpet av desse åra.

TUSEN TAKK!

Bli gjevar i dag. Ta kontakt med TCCC over e-mail eller telefon. Vårt kontonummer er 3520.57.62742.